Arbeidssamling om emnekart og semantisk standardisering i offentleg sektor


Seminaret vil bli arrangert i Statens Hus på Leikanger med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som vertskap. Vestlandsforsking vil stå for planlegging av seminaret og praktisk opplegg elles. Målgruppa er i første rekkje Høykom-prosjekt, men også andre interesserte i offentleg sektor.

Høykom støttar fleire prosjekt der koplinga til informasjonsstrukturen LivsIT og teknologistandarden emnekart (Topic Maps) er sentrale. Sekretariatet vil difor arrangera eit seminar for å få ei betre forståing for begge satsingane og gjennom det sikra ei felles forståing og eit grunnlag for gjenbruk av data og metodar i dei respektive prosjekta. Ein viktig del av seminaret vil bli Fornyings- og administrasjonsdepartementet sine overordna planar på dette området, som kan karakteriserast som semantisk standardisering i offentleg sektor.

LivsIT er eit forslag til informasjonsstruktur for offentlege tenester og informasjon knytt til desse tenestene. Strukturen og eit tilhøyrande system har vore i drift i fleire år, men Norge.no i samband med at Norge.no overtok ansvaret for LivsIT er det lagt fram planar for ei omfattande endring av både struktur og system.

Emnekart er ein standard for kunnskapsorganisering og den har fått mykje merksemd dei siste åra, særleg i offentleg sektor. Mange verksemder og prosjekt har teke i bruk teknologien og mange planlegg å gjera det. Ein viktig grunn til den store interessa er det sterke norske miljøet bak standarden; her er vi i fremste rekkje internasjonalt. Emnekart er ein særleg interessant teknologi for å ta i bruk LivsIT, eller for å knyta eigne tenester opp mot LivsIT.

Seminaret vil bli arrangert i Statens Hus på Leikanger med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som vertskap. Vestlandsforsking vil stå for planlegging av seminaret og praktisk opplegg elles. Målgruppa er i første rekkje Høykom-prosjekt, men også andre interesserte i offentleg sektor.

Høykom-prosjekt må kontakte Høykomsekretariatet dersom dei ønskjer støtte til reiskostnader.

Nyhetskilde:HØYKOM